Vogntog har køyrt av vegen i Bremanger

SVÆRT GLATT: Vebana skal vere nærast polert der ulukka skjedde.

SVÆRT GLATT: Vebana skal vere nærast polert der ulukka skjedde. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Politi og brannvesen på veg til ny vogntog-ulukke ved Eikedalen.

DEL

Eit vogntog har køyrt av vegen på fylkesveg 616 ved Eikedalen i Bremanger. Politi og brannvesen er på veg til staden.

Ifølgje politiet skal føraren vere uskadd, men det skal lekke diesel frå vogntoget.

Havaristen stengjer ikkje vegbana for anna trafikk.

Det skal vere svært glatt på staden.  Det stafestar Are Næss, som køyrde like bak vogntoget då ulukka skjedde.

NYTT VOGNTOG-HAVARI: På få dagar har to vogntog køyrt av vegen på smale og glatte Bremanger-vegar.

NYTT VOGNTOG-HAVARI: På få dagar har to vogntog køyrt av vegen på smale og glatte Bremanger-vegar. Foto:

- Vogntoget sklei av vegen i ein nedoverbakke med sving. Sjåføren heldt ikkje høg fart, men vegbana er heilt polert på ulukkesstaden, seier Næss til Firdaposten.

Vogntoget skal vere norskregistrert og ha norsk sjåfør, og vere skodd for vinterføre.

SISTE: Politiet i Bremanger varslar at vegen vil verte stengd når arbeidet med bilberginga tek til.

Eikedalen i Bremanger.

Eikedalen i Bremanger. Foto:

Artikkeltags