Dei vil skrote garantiordninga for fornybar energi

EINIGE: Desse fire var skjønt einige om at garantiordninga for fornybar energi bør skrotas. F.v: Nils P.Støyva - distriktssekretær i LO. Knut Sande, hovudtillitsvald ved Elkem Bremanger. Anne Kristin Førde, ordførarkandidat for Ap i Bremanger og Are Tomasgard i LO-leiinga.

EINIGE: Desse fire var skjønt einige om at garantiordninga for fornybar energi bør skrotas. F.v: Nils P.Støyva - distriktssekretær i LO. Knut Sande, hovudtillitsvald ved Elkem Bremanger. Anne Kristin Førde, ordførarkandidat for Ap i Bremanger og Are Tomasgard i LO-leiinga. Foto:

SVELGEN: Arbeidarpartiet og LO meiner opprinnelsesgarantien på fornybar straum er ein ekstrabelastning for norsk industri. No ber dei regjeringa melde Norge ut av ordninga.

DEL

Størsteparten av norske opprinnelsesgarantiar blir selt til tysk industri som ønsker å dokumentere at dei brukar fornybar straum. Dette sjølv om straumen kanskje kjem frå eit kolkraftverk. Arbeidarpartiet meiner ordninga påfører norske bedrifter unødvendige kostnadar.

Kan spare 12 millionar

– Når 98 prosent av all straumproduksjon i Norge er fornybar, er det heilt unødvendig å belaste norske bedrifter for å kjøpe ein garanti for at krafta dei brukar er rein.

Det seier Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat i Bremanger, Anne Kristin Førde.

Ho peikar på at prisen på opprinnelsesgaranti har variert frå 1,3 til 2 øre pr. kilowattime. Om ein brukar 1,6 øre som utgangspunkt vil ein storforbrukar av straum som Elkem Bremanger spare 12 millionar kroner i året på å vise til at norsk straum ER fornybar.

Ein opprinnelsesgaranti er ein garanti for at ein viss mengde fornybar straum er produsert ved eit bestemt kraftverk. Hensikta er å sikre at det blir produsert like mykje fornybar energi som du bruker. Sjølv om straumen som blir brukt kjem frå kjelder som ikkje er fornybare, skal opprinnelsesgarantiane sørge for at straumen finansielt kjem frå 100 prosent fornybar energi.

Dette er energien si varedeklarasjon. Straum kan ikkje sporast fysisk i nettet. Opprinnelsesgarantien er meint å sikre ein marknad for fornybar straum, slik at kundane kan bruke forbrukarmakta si til å spørje etter fornybar energi.

Det er grønvasking

Arbeidarpartiet meiner det er ein dyr og dårleg ordning for norsk industri, og får støtte av LO.

– Dette er grønvasking. Kol- og atomkraftverk kjøper opprinnelsesgarantiar, slik blir krafta dei sel fornybar. Dette er ikkje miljøvenleg. det er å lure seg sjølv. Det er som å pisse i buksa for å halde varmen.

Det seier LO-sekretær Are Tomasgard. Han meiner at systemet med opprinnelsesgarantiar er med på å sementere eit system der den fossile energien framleis står sterkt. Pengane som blir brukt på opprinnelsesgarantiar hindrar at det blir utvikla ny energi. Tomasgard meiner at Norge bør melde seg ut av ordninga, og seier at det ikkje er noko i EØS-avtalen som tilseier at Norge ikkje skal kunne gjere akkurat det.

– LO er i mot denne ordninga. Arbeidarpartiet har same standpunkt. Men vi ønsker oss ein tverrpolitisk einigheit om dette. For industrien er det viktig at rammene er føreseielege. Difor håper vi at også regjeringa ser våre poeng. Dei kan ikkje skyve EØS-avtalen føre seg som eit skjold her, vi har full handlefridom på dette punktet, og det handlingsrommet må regjeringa utnytte.

Konkurransefortrinn

Arbeidarpartiet leverte tidlegare denne månaden inn eit såkalla dokument 8-forslag i Stortinget. Der går dei inn for å melde Norge ut av den internasjonale organisasjonen Assosiation of Issuing Bodies (AIB). Det er den organisasjonen som kontrollerer og godkjenner alle opprinnelsesgarantiar. Dei ber regjeringa sørge for at opprinnelsesgarantiar ikkje skal ha nokon innverknad på energiforbrukarane si klimarapportering. Straumforbruk i Norge må kunne dokumenterast som fornybart, uavhengig av opprinnelsesgarantiar.

– Arbeidarpartiet vil skape framtidsrette og trygge arbeidsplassar i Norge basert på den reine og fornybare energien vår. Vi vil sørge for at industrien beheld konkurransefortrinnet sitt med å produsere klimavenlege produkt basert på rein og rimeleg kraft. Difor har vi levert eit forslag til Stortinget som gjer at industrien vår slepp å kjøpe opprinnelesesgarantiar, seier stortingsrepresentant Ingrid Heggø.

Artikkeltags