Vegen opnar truleg ikkje att før tidlegast måndag

Raset ved Skatestraumtunnelen

Raset ved Skatestraumtunnelen Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Vegen blir truleg ikkje opna att før måndag.

DEL

Kring klokka 18.00 torsdag ettermiddag gjekk det eit steinras på Hunsgår-sida ved utløpet av Skatestraumtunnelen. Raset sperrar Fylkesveg 616 i begge retningar. Fredag føremiddag seier Vegtrafikksentralen at vegen nok ikkje blir opna att før tidlegast måndag. I helga vil mannskaper arbeide med rydding og sikring av vegen.

Per Røys i Kalvåg hadde nett komme frå eit møte i Svelgen der dei diskuterte vegsambandet, då han møtte på raset på vestsida av tunnelen.

– Eg møtte på det truleg berre nokre minutt etter at det hadde rasa, for det rasa framleis stein ned i vegbana. Og det lukta fersk steinbrot, som om ein hadde sprengt steinen, seier Røys.

Ifølge Røys skal raset vere i underkant av 30 meter breitt og kring seks meter høgt. Ifølge politiet er det ingenting som tyder på at nokon skal ha blitt teken av raset.

Slik ser raset ut frå tunnelsida av vegen.

Slik ser raset ut frå tunnelsida av vegen. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken