VM-gull på opningsdagen for Jan Erik og landslaget

GOD START: Jan Erik Hauge og kokkelandslaget fekk ein god start under kokke-VM i helga.

GOD START: Jan Erik Hauge og kokkelandslaget fekk ein god start under kokke-VM i helga.

BREMANGER: Det norske kokkelandslaget, med Jan Erik Hauge frå Bremanger på laget, hamna øvst på pallen under første konkurransedag i VM i kokkekunst i helga.

DEL

På første konkurransedag under VM i kokkekunst (Culinary World Cup) tok både junior- og seniorlandslaget gull i sine konkurransegreiner. Kokkelandslaga, som har lagt ned over 18 500 timar i førebuingar fram mot konkurransen, er svært glade og letta over resultatet fra første dag.

Denne delsigeren er eit fantastisk utgangspunkt for resten av konkurransen, seier leiar for begge landslaga, Jørn Lie i ei pressemelding.

Samanlagtvinnaren blir kåra under konkurransens siste dag, Juniorlandslaget leverte laurdag ein Contemporary buffet til 12 personar, som blei servert som ein femrettar.

 Seniorlandslaget konkurrerte i Hot Kitchen, der dei laga ein trerettars meny til 110 gjester i Restaurant of Nations Culinary.

– Gull til begge lag var akkurat det vi trong for å kome i rett modus for vidare arbeid mot varmmatkonkurransen for junior som skjer mandag, og konkurransen i kaldmatbuffet for seniorar på tysdag. Vi er supermotiverte og klare for å vise dei andre hva vi kan i konkurransane som står att, seier Lie.

Kokkelandslaga består av 22 kokkar frå heile landet, inkludert ein manager og 2 kapteinar.

Culinary World Cup blir arrangert kvart fjerde år. Konkurransen er saman med Culinary Olympics dei to viktigaste konkurransane for dei norske kokkelandslaga. VM for lag varar fram til 29. november.

Artikkeltags