Sterke reaksjonar på felles ungdomsskule

Seier nei til skulesentralisering: Både ungar og vaksne møtte talrike fram for å protestere på planane om utgreiing av ein felles ungdomskule for kommunen på Kolset.

Seier nei til skulesentralisering: Både ungar og vaksne møtte talrike fram for å protestere på planane om utgreiing av ein felles ungdomskule for kommunen på Kolset.

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Foreldra i ytre Bremanger er i harnisk over vedtaket i kommunestyret om å greie ut ein felles ungdomsskule for heile kommunen på Kolset.

DEL

Laurdag føremiddag møtte dei talrike fram både frå Bremanger og Kalvåg for å vise si misnøye med det dei meiner er eit lite gjennomtenkt vedtak, utan noko som helst innsparingspotensial.

– Det synest som om nokon berre har kasta ut ein idé i lause lufta, utan å tenke på følgene, meiner Paul Stian Fosse Igland.

– Tenk berre på kva det vil koste å bygge ein ny ungdomsskule, med klasseromskapasitet til så mange elevar, skulekjøkken, gymsal og symjebasseng, seier Roger Nyborg.

Farleg skuleveg

– Eit anna vesentleg moment her er den dårlege vegstandarden i kommunen. Det er heilt uaktuelt og fullstendig meiningslaust å sende 12–13 åringar med buss på den smale, kronglete og rasutsette vegstrekninga til Kolset i all slags ver, dette kan vi rett og slett ikkje gå med på, slår Rolf Vedvik fast.

Han og dei andre foreldra er bekymra for tryggleiken til ungane sine, og uroa for kva den lange skulevegen vil gjere med trivselen og velværet i kvardagen.

– Frå Kalvåg vil det ta ein time kvar veg, og kor opplagde er då ungane til lekselesing og fritidsaktivitetar om ettermiddagen, spør Annette Rosø. Ho er svært oppteken av folkehelseaspektet ved ei slik omorganisering, og trur det vil vere uheldig for mange.

La skulane få fred

Foreldra i ytre Bremanger fryktar også for framtida til bygdene. Endring i skulestrukturen var eit argument for å seie nei til kommunesamanslåing, og difor stiller dei seg uforståande til at saka no blir fronta med full styrke.

– No må skulane få fred. Vi har gode skular i bygdene våre, og det er ingen grunn til å gjere endringar på noko som fungerer, meiner Roger Nyborg.

Og å satse på vidaregåande skuletilbod er det ingen av foreldra som har noko tru på.

– Det er eit skot i blinde, dei vidaregåande skulane i fylket slit med å få halde oppe sine tilbod, og då er det hol i hovudet å tru at vi skal få oppretta eit nytt tilbod her, meiner dei.

Rasering av bygdene

– Tenk på kva slike utspel får å seie for omdømmet til bygdene våre? Bremanger kommune slit med fråflytting og nedgang i folketalet, og då bør det heller settast inn tiltak for å lokke folk heim att. Det er ingen som flyttar til ei bygd utan skule og barnehage, hevdar Hege Nygård, som saman med Pauls Stian Fosse Igland flytta heim att frå Bergen i den tru at Bremanger hadde det dei meiner er viktig for å bygge ei felles framtid for seg og dei to borna sine.

No er ho usikker, og er redd for at endå fleire vil pakke koffertane sine og flytte frå bygda.

– Dette kan berre ikkje skje, seier Jeanette Kristiansen Grotle, som håpar at det blir sett ein stoppar for den vidare utgreiingsprosessen ein gong for alle.

Artikkeltags