Sjekk vegaksjonens utrulege musikkvideo «Saman bygger vi veg»

Artikkelen er over 2 år gammel

Aksjonen som samlar inn pengar til betre veg i ytre Bremanger rullar vidare. No har dei laga musikkvideo.

DEL

Det var etter at to lastebilar sperra vegen på f.v. 616 ved Langeneset i ytre Bremanger i snautt seks timar sist tysdag dei fekk nok. Bremangarane i ytre. Det er på høg tid å få gjort noko med vegen, og dei vil ikkje sitte og vente på at fylket og kommunen skal ordne opp. Dei ville vere med og spleise.

Aksjonsgruppe

– Eg håpar vi kan få spleiselaget mellom kommunen, vegvesenet, fylkeskommunen og innbyggarane i Ytre Bremanger til å fungere. Ser vi på kva dei må betale i bompengar andre stader, til dømes i Førde, så må det vere mogleg for folk i ytre å bidra til spleiselaget, sa Per Røys, fabrikksjef på Pelagia Kalvåg til Firdaposten fredag. Han peika på at vintervedlikehaldet på fylkesvegen er så dårleg at fleire trailersjåførar kvir seg for å køyre der. Dei meiner det er for farleg å køyre der på glatt og dårleg veg.

Han og fleire andre lokale krefter sette ned ei aksjonsgruppe i Kalvåg kalla «Aksjon betre veg ytre». Fram til 29. desember jobbar dei på spreng for å få innsamlinga av dei private midlane i boks. Dei treng to millionar, for å løyse ut tilsvarande middel frå fylket og kommunen. Pengane har strøymde inn, men det er framleis eit stykke igjen. No har Jan Fredrik Fosse samla saman eit knippe med meir eller mindre gylne struper, og laga ein musikkvideo for å gje aksjonen eit nytt dytt framover mot målet.

Alle gjer det dei kan

– Heile aksjonen vart til ganske impulsivt, og slik var det med denne videoen også. Fortel Fosse som har latt seg inspirere av Ylvis til dette stuntet.

– Det var nokon som kom på den her Ylvis-aksjonen. Saman finner vi frem. Ein slik skulle vi laga, sa han, og då tenkte eg at ja, det kan vi gjere. So på torsdagskvelden klokka sju samla vi oss og spelte og song inn heile greia. Det viser engasjementet og viljen. Dette vil vi få til, og alle gjer det dei kan.

– Kor mykje har de fått inn til no?

– No oppdaterte eg nettopp på Facebook at vi var oppe i 915.946, men det er nok ikkje alle transaksjonane som er talt med der. Vi er nok ikkje so langt unna millionen.

– Og no er håpet at denne videoen skal dra dykk i gong med den andre millionen de treng?

– Ja det er jo det. Vi ser det har begynt å komme inn litt pengar frå private, men hittil er det næringslivet som har gitt mest. Skal vi nå målet må husstandane også engasjere seg. Eg håpar at denne videoen kan vere med på å få til det.

Artikkeltags