Det stadfestar dagleg leiar Inge Bent Arnestad i Nordfjord miljøverk (NOMIL) overfor Firdaposten. NOMIL er ein av kundane til Reno Norden, som eig bossbilane som køyrer i Nordfjord og og Bremanger. Reno Norden sysselset også dei som køyrer bilane.

– Førebels vil ikkje folk i Bremanger merke noko, bossrutene går sin gang som vanleg i alle fall denne veka her, og forhåpentlegvis nokre dagar i neste veke. Så veit vi ikkje meir. Men eg reknar med at vi får ei avklaring frå bustyraren nokså raskt om korleis det blir framover, seier Arnestad.

Han ber kundane i Bremanger halde seg oppdaterte på www.nomil.no.

– Der legg vi ut oppdatert informasjon fortløpande, presiserer Arnestad.

Reno Norden står for bosstømminga for ein av tre norske husstandar. Selskapet opplyser i ei pressemelding at både RenoNorden AS og RenoNorden ASA vil slå seg konkurs med umiddelberr verknad. Selskapet har slite økonomisk i lang tid, og 6. september blei det starta eit arbeid der målet var å avbryte ni ulønnsame kontraktar, men utan at ein klarte å nå ei tilfredsstillande løysing.

Selskapet sine långivarar, DNB og Den Danske Bank, har no gjort det klart at dei ikkje vil låne selskapet meir pengar. Dermed er konkursen eit faktum.

Flora kommune er ikkje ein av kundane til Reno Norden, så her går bosshentinga som normalt.