Får ikkje halde fram som sokneprest etter upassande tekstmelding til kvinneleg kollega, men no slår heile Bremanger ring om han.

FÅR IKKJE FORNYA TILLIT: Sokneprest Tor Grindland (til høgre) har verken prost Rolf Schanke Eikum (til venstre) eller biskopen sin støtte lenger. Vikariatet til den svært populære soknepresten blir avslutta 31. januar i år. Bildet er frå 40-årsjubileumet i Berle kyrkje i 2017.

FÅR IKKJE FORNYA TILLIT: Sokneprest Tor Grindland (til høgre) har verken prost Rolf Schanke Eikum (til venstre) eller biskopen sin støtte lenger. Vikariatet til den svært populære soknepresten blir avslutta 31. januar i år. Bildet er frå 40-årsjubileumet i Berle kyrkje i 2017. Foto:

SVELGEN: Alle sju sokneråda i Bremanger er i harnisk over at soknepresten i Indre ikkje får fornya vikariatet sitt.

DEL

Tor Grindland (71) har vore sokneprest i Midtgulen, Ålfoten, Rugsund og Davik sokn i to og eit halvt år, men den svært populære presten får ikkje forlenga halvårsvikariatet sitt ut over 31. januar. Han blir i staden erstatta av ein ny vikar. Det har biskopen bestemt. Men sjølv ønsker både bygdefolket, Grindland sjølv og kona hans å bli i Bremanger.

– Eg blei spurt av leiar i Bremanger kyrkjelege fellesråd i haust om eg ville halde fram dersom eg fekk tilbod om det. Både eg og kona trivest veldig godt her. Eg kunne fortsette på dagen, om det var aktuelt, seier Grindland.

Sende upassande SMS

Firdaposten har prøvt å finne ut kvifor vikariatet ikkje vart forlenga. Prost i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum, ville ikkje uttale seg, og sende ballen over til personalsjef Cathrine Waaler Halstensen i Bjørgvin Bispedømme. Ho ville heller ikkje uttale seg, og sende ballen vidare til stiftsdirektøren i bispedømmet, Jan Ove Fjelltveit. Han svara at dette er ei personalsak som han difor ikkje kan kommentere i pressa.

Men etter det vi erfarer frå fleire kjelder, skar det seg først mellom prest og prosti i fjor sommar då Grindland under ein ferietur skal ha sendt ei tekstmelding til ein kvinneleg kollega. Innhaldet i denne skal ha blitt oppfatta som upassande. Ifølge dei same kjeldene skal Grindland i etterkant ha lagt seg flat og orsaka seg overfor kvinna, og dei skal ha tatt kvarandre i handa framføre prosten.

Både eg og kona trivest veldig godt her. Eg kunne fortsette på dagen, om det var aktuelt.

Tor Grindland

Firdaposten har ikkje fått sett eller referert den direkte ordlyding i meldinga, men Grindland seier at det har blitt sendt ei tekstmelding, og at saka no skal vere ute av verda.

– Eg vil ikkje gå inn på innhaldet i tekstmeldinga til den kvinnelege kollegaen min, men det blei formelt stadfesta frå prost og biskopen at saka var ute av verda i sommar, etter snaue 14 dagars vurdering. Men sidan den gong har ulike forklaringar blitt gitt av prost og biskop. Eg kan ikkje sjå at eg har gjort nokre formelle eller juridiske feil som skulle gjere at eg ikkje får halde fram som vikar.  Men på den andre sida går kontrakten min ut 31. januar 2019, og det forheld eg meg til. Eg er jo 71 år gammal. Ingen klager er komen til kyrkjeverje eller prost i samband med tenesta mi i Bremanger. Eg har vore direktør i næringslivet i 20 år, og var ei tid leiar for 250 tilsette, så dette med lovar og reglar i arbeidslivet kjenner eg rimeleg bra til seier Grindland.

Sidan i sommar har han engasjert advokat med spesialisering i arbeidsrett, for å gje råd undervegs.

Får massiv støtte lokalt

Men om prosten og biskopen ikkje vil tilgje presten sine synder, så gjer bygdefolket det. Alle sju sokna i Bremanger har sendt brev til bispedømmet og bedt om at Grindland får bli. Firdaposten har snakka med fleire medlemmer i sokna Grindland har ansvar for, som alle seier det same: Det er eit voldsomt engasjement for å halde på presten så mange likar. For Grindland er særs aktiv: I 2018 heldt han heile 81 gudstenester og gjekk på besøk i alt 289 gonger, mellom anna til dei eldre på aldersheimane i kommunen. Han har også vikariert for andre prestar i nærleiken, om det var behov for det.

– Engasjementet for at Grindland skal bli her er ganske stort. Han framstår som ein samlande og oppbyggeleg mann, seier organist Norvall Klungresæter. Han er blant dei som har skrive brev til prosten med ønske om at Grindland får bli.

Engasjementet for at Grindland skal bli her er ganske stort. Han framstår som ein samlande og oppbyggeleg mann.

Norvall Klungresæter

Det at det er eit stort engasjement for Grindland stadfestar også leiar Olav Jarl Frøyen i Bremanger kyrkjelege fellesråd.

– Det å seie at det er eit sterkt engasjement for at Grindland skal halde fram til ein permanent arvtakar er på plass, er å underdrive. Folk er i harnisk. Vi vil behalde ein prest vi likar, enkelt og greitt. Grindland har vikariert i to og eit halvt år, og har gjort ein fremragande jobb: Han har engasjert seg i kor, og er flittig rundt på aldersheimar og sjukeheimar for å snakke med dei eldre. Han har også opna heimen sin for bygdefolk, lag og organisasjonar. Grindland har også gjort ein fantastisk jobb med konfirmantane. Det har lenge vore sviktande interesse for kyrkjeleg konfirmasjon blant dei unge i sokna våre, men det har han klart å snu. Etter at det vart kjent at han ikkje fekk halde fram i stillinga, har eg fått mange telefonar både frå konfirmantar og foreldra deira, som er fortvila over at Grindland ikkje skal halde konfirmasjonsundervisninga og konfirmere dei, strekar Frøyen under.

– Blir ikkje høyrt

Frøyen har som leiar i fellesrådet vore i fleire møte med både prost, personalsjef og biskop, men utan å bli høyrt.

– Vi har lagt fram argumenta våre sakleg overfor dei, men ein blir frykteleg forbanna, for å seie det som det er, over at argumenta våre ikkje vart høyrde i det heile, poengterer Frøyen.

Det som også gjer det heile spesielt, er at det heilt sidan Tore Myklebust slutta som sokneprest, har vore vanskeleg å få på plass nye prestar i fast stilling i Bremanger. Sidan den gong har fleire vikarar delt Bremanger mellom seg. Nyleg vart stillinga lyst ut att, men heller ikkje denne gongen melde det seg søkarar. Grindland si stilling blir dermed teken over av ein ny vikar. Soknepresten som har ansvaret for ytre del av Bremanger, held fram i stillinga si.

– Eg vil gje ros til begge vikarane for jobben dei gjer, og at den eine ikkje får halde fram er ei frykteleg fortvila situasjon for alle. Det er så vondt at ein kan gråte, seier Frøyen.

Etter det Firdaposten blir fortalt, er det også fleire tilsette som trugar med å forlate stillingane sine som følge av denne saka.

Artikkeltags