Sist søndag fekk Bjørn-Inge Nesje ei naturoppleving av den sjeldne og dramatiske sorten. Hjortejegeren, som også er valdsansvarleg på Myren Nødset jaktvald, hadde sett rifla att heime denne dagen, og var på familietur i området ved Holehornet på Nødset i Bremanger då det utrulege skjedde:

Prusting frå myrholet

– Vi bestemte oss for å ta ein liten avstikkar frå stien, for eg ville vise ungane nokre sølegroper der det nyleg hadde vore stor aktivitet med mykje hjort gjennom brunsten. Då vi gjekk utover myrene høyrde vi brått nokre merkelege lydar som vi forstod lite av. Det høyrdest ut som noko prusta og pesa tungt, fortel Nesje.

Han og familien byrja å gå etter lydane for å sjå kva det kunne vere, men dei såg ingen teikn til liv ute på myra.

Myra hadde slukt heile hjortebukken og berre tuppen av snuten stakk opp. Det var eit utruleg syn.

Bjørn-Inge Nesje, Bremanger

 

Utruleg syn

– Først då vi kom heilt fram til den eine brunstgropa, forstod vi kva som hadde skjedd, og vi fekk nok litt sjokk alle som ein, seier Nesje.

For der – midt ute i den gjørmete gropa – stakk det opp ein snute. Og det var liv nede i gjørma.

 

Starta «utgraving»

– Det var nesten utruleg. Myra hadde rett og slett slukt heile hjorten, og berre tuppen av snuten på dyret stakk opp. Vi heiv oss i gang med bergingsarbeid med ein gong, og grov med hendene som best vi kunne, fortel han.

Først fekk dei gravd fram hovudet på dyret, som viste seg å vere ein bra stor hjortebukk.

– Han bar teikn på å ha vore i kamp i brunsten, for fleire av gevistrengene var knekt. Eg vil tru at geviret opprinneleg hadde 12 taggar, så det var snakk om ein kronhjort som låg levande ute i myra framfor oss, seier Nesje.

Geviret hang i torva

Det var geviret som hadde berga hjortebukken frå å gå heilt under.

– Nokre av stengene var kilt fast i torvkanten, og heldt dyret såvidt oppe.

Men gravearbeidet var tungt, og Bjørn-Inge og familien hadde ei stri økt med å få dyret laust og opp av gjørma.

Måtte avlivast

– Bukken var tydeleg svekt, men i live då vi fekk han opp frå gjørma. Men myra var også iskald og hadde nok tappa dyret ekstra for krefter. Då vi fekk gravd han opp, var det framleis teikn til liv i han, men etter ei tid forstod vi at bukken ikkje ville klare å kome seg på beina att. Difor valde vi å gjere slutt på lidingane og avlive den, fortel Bjørn-Inge Nesje.

Dyreskrotten enda som fallvilt, fortel hjortejegeren, som aldri før har opplevd noko liknande.