Trur hjortestamma er i vekst att

Hjortejegerane i Bremanger for skryt for innsatsen gjennom 2016-sesongen.

Hjortejegerane i Bremanger for skryt for innsatsen gjennom 2016-sesongen. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Hjortejakta i Bremanger 2016 har gitt forvaltninga gode svar.

DEL

Måndag hadde fagleiar skog i Bremanger fasiten klar, og oppsummerer hjortejakta 2016 i Bremanger slik:

- Jegerane har gjort ein formidabel innsats for å nå måla som forvaltninga ynskjer. Gjennom å felle heile 40 prosent kalv, er vi på veg mot målet om å få ei meir robust hjortestamme, beståande av eldre og større dyr, konstaterer Bjørn Henry Martinussen.

Ny vekst?

Det var tildelt 792 løyve og blei felt 643 dyr i Bremanger i fjor, noko som gir ein fellingsprosent på pene 81. Basert på fellingstal og på rapportane om kva jegerane har sett av dyr i skogen per nedlagt jaktøkt, trur Martinussen hjortestamma igjen er i vekst.

Kan blir fleire løyve

- Mykje tyder på det, ja. Og om det er tilfellet, så ser eg ikkje bort frå at talet på fellingsløyve vil bli auka dei komande sesongane. Når vi også har skote så lite som 15 prosent vaksne koller, og 14 prosent vaksen bukk, så er vi definitivt på rett veg. Og det kan vi takke motiverte og lojale jegerar for, seier viltforvaltaren.

Fellingane i 2016 fordelte seg slik i Bremanger:

Kalv: 258 (40,1 prosent)

Spisbukk: 144 (22 prosent)

Fjorkolle: 55 (9 prosent)

Kolle: 99 (15 prosent)

Bukk: 87 (14 prosent)

Totalt 643 dyr

Artikkeltags