No kan du bli heilt sjef i skogen

Har du lyst å bli ein god jaktleiar og få gjengen i skogen til å trekkje i lag? I så fall sponsar Bremanger kommune kurs på deg i starten av april. Her  frå hjortejakt på Indrehus i 2015.

Har du lyst å bli ein god jaktleiar og få gjengen i skogen til å trekkje i lag? I så fall sponsar Bremanger kommune kurs på deg i starten av april. Her frå hjortejakt på Indrehus i 2015.

I Bremanger vil dei ha jaktleiarar som kan meir og veit meir. Difor sponsar kommunen kurs for alle interesserte.

DEL

Fredag 6. og laurdag 7. april byr Bremanger kommune på todagarskurs i jaktleiing ved hjortejakt. Målet er å høgne kompetansen til dagens jaktleiarar og komande leiarar. Det betyr at kurset er aktuelt og ope for alle som driv storviltjakt, fortel viltforvaltar Bjørn Henry Martinussen.

- Kurset skal gje jegerane meir kunnskap, betre haldningar og styrke motivasjonen til jaktleiarane, slik at storviltjakta foregår humant, sikkert og forvaltningsmessig forsvarleg.

Når gnissingar oppstår

Men ein lærer også andre ting. Dei fleste stortviltjegerar som gjennom eit langt jegerliv er ein del av eit jaktlag, vil før eller seinare hamne i situasjoner der gnissingar og usemje oppstår.

- På kurset tek ein også opp dette; korleis jaktleiaren kan bidra til at jaktlaget fungerer godt både sosialt og kulturellt, fortel Martinussen.

På Kolset

I tillegg får deltakarane ein grundig gjennomgang av reglar og lovverk, litt, gode tips om førebuing av jakta, litt økonomi, litt om ettersøk, slakting og kjøthandtering - og som sagt litt psykologi.

Kurshaldar er Skogbrukets kursinstutt og føredragshaldarar blir Dagh Bakka og Arve Aarhus. Kurset går på Kolset skule og har plass til eit femtitals deltakarar. Ein melder seg på kurset via kursinstituttet sine sider.

- Kommunen sponsar store delar av kurset, fordi Bremanger kommune i sine målsetjingar for viltforvaltninga har slått fast at vi ønskjer å høgne kompetansen i jaktlaga, strekar viltforvaltaren under.

Artikkeltags