Fann to daude hjortar i fjøra

Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

For eit par dagar sidan melde ein jeger om funnet av to daude hjortar i fjøra på Novelandet.

– Eg vil skryte litt av jegaren; han var så reflektert at han tok kontakt med oss og viste oss bilda av dei to hjortane. Vi kunne dermed sende Mattilsynet ut dit for å ta prøvar for skrantesjuke, fortel skog- og viltforvaltar Bjørn Henry Martinussen i Bremanger kommune fredag.

– Det er veldig viktig at jegarar og andre melder frå om dei finn daude hjortar, slik at vi får teke desse prøvane, seier Martinussen.

Svaret på prøvane vil ein få seinare i dag.

– Men så langt er det ingenting som tyder på at hjortane døydde av skrantesjuke. Det er ikkje uvanleg at hjortar døyr av drukning, sier Martinussen.

– Kan dei ha døydd av plast i magen?

– Hehe, det må i så fall vere plast frå rundballar, svarar viltforvaltaren.

Artikkeltags