Har fått løyve til å mudre i båthamna ved Ytre Hauge

DEL

Bremanger båtforening har søkt Fylkesmannen om løyve til å mudre i båthamna ved Ytre Hauge. Ved å utdjupe hamna ned til 1,5 meter djupne vil det vere med på å sikre tryggare tilhøve for båtar i hamna. Fylkesmannen har vurdert søknaden opp mot ureiningsforskrifta, og gitt dei lov til dette.

Arbeidet skal utførast frå lekter, og vil omfatte mudring i sjøbotnen og dumping av muddermassane på djupare vatn like sør for mudrestaden.

Hamna er éin meter djup i dag, og skal med andre ord mudrast ein halv meter ned. Det svarar til 300 kubikkmeter sediment.

Sedimenta er noko ureina med PAH-stoff og tributyltinn (TBT) skriv Fylkesmannen på sine nettsider. Det er difor sett vilkår om at det øvste laget skal mudrast først og leggast nedst i deponiet, for deretter å dekke det til med reine massar. Arbeidet må utførast ved rolege vindtilhøve, og ved minst mogleg tidevasskilnad.

Artikkeltags