Nok ein trailer står fast i Bremanger, politiet tilrår folk å la bilen stå

BOM FAST: Her på Fv616 står traileren bom fast.

BOM FAST: Her på Fv616 står traileren bom fast. Foto:

DEL

I dag er det så mange trailerar som har problem at det er lett å miste oversikta. Om vi ikkje har komme ut av teljinga er det dagens fjerde med problem som no står fast på fv616 i nordenden av Dalevatnet. Då har vi ikkje rekna med varebilen som hamna på taket, også det i Bremanger.

Det er politiet som melder om hendinga på Twitter klokka 19.50

Traileren sperrar heile vegen, bilbergar og politi er på veg.

Tenestestadleiar i Bremanger, Espen Gulliksen, seier til NRK at ein bør ha svært gode grunnar for å våge seg ut på vegen i kveld.

– Dei som ikkje absolutt må ut å køyre bør halde seg heime. Her vil brøytemannskapa ha store problem med å ta unna snøen som no kjem, seier Gulliksen.

Artikkeltags