Gå til sidens hovedinnhold

Mageplask for Kinn-debatten i formannskapet

Artikkelen er over 3 år gammel

Det var ikkje særleg stemning for å debattere nye forhandlingar med Kinn kommune.

I førre veke flagga Åge Senneset i Bremanger Venstre at kommunen burde gå i nye forhandlingar med Kinn kommune. I formannskapsmøtet i Bremanger torsdag morgon utdjupa Senneset grunngjevinga for det standpunktet:

– Vi lever i eit samfunn som er i stadig endring. Vi må ta inn over oss det som har skjedd sidan vi sa nei. Sidan den gong har vi fått ein kommune som heiter Kinn. Det som er udiskutabelt, er at vi ligg mellom Vågsøy og Flora. Vi har også eit stortingsval som ser ut som om vi kan få ei regjering som held fram. Bremanger Venstre meiner at desse faktorane må føre til at vi tek samtalen med Kinn kommune. Vi politikarar har eit ansvar for å gjere vedtak som er basert på kunnskap, og som er best for innbyggarane våre. Dette er den viktigaste saka i den perioden vi er inne i no, streka Senneset under.

Lite støtte å få

Men av formannskapsmedlemmene var det berre Charlotte Skjølberg (SV) som støtta Senneset.

– Eg meiner også at vi burde forhandle med Kinn. Vi har tapt ein analyse på kva vi meiner er best, men så skjer ting rundt oss. Om vi vaknar opp i 2022 og har blitt ein del av Kinn, då begynner vi forhandlingane på scratch. No har vi moglegheiter til å påverke og høyre med Vågsøy og Flora kva dei vil gje, før vi kjem til det punktet at vi blir tvunge med. Men eg erkjenner at vi har fleirtalet mot oss i kommunestyret. Det er ikkje fleirtal for å finne ut kva som skjer i forhandlingane, streka ho under.

Sjølv om han ikkje ville ta del i debatten, peika rådmann Tom Joensen på at han synest Senneset sine uttaler i Firdaposten var tendensiøse. Senneset meiner at dei 300 som er spurt om kva dei vil, ikkje er representativt nok for å gje eit klart svar om Kinn kommune. Joensen streka under at det er gjort eit grundig forarbeid før kommunestyret sitt nei.

Ikkje stemning

Det var ikkje særleg stemning i formannskapet til nye forhandlingar.

– Eg ser ikkje endringane Venstre ser. Slik eg ser det er det ikkje fleirtal på Stortinget per no for tvang. Dette blir å dra opp att eit vedtak som allereie er gjort, nok ein gang. Dette blir ein evig kanossagang. Og blir det tvang, blir det lagt nye forhandlingar likevel. Eg har følgt fellesmøta i Kinn, og eg kan seie at det er litt tendensiøst å seie at dei er så veldig einige i alt som er sagt. Og eg spør meg: Ka skjer med kommunen vår dersom vi blir med att? Skal vi skape endå meir splid i eit Bremanger som endeleg har blitt ein kommune, spurde Marius Strømmen (Sp).

Espen Sortevik og Arbeidarpartiet var tidlegare for forhandlingar, men kjem ikkje til å støtte nye rundar.

– Det toget er gått, og den kampen er tapt. Vi skal ikkje gå til nye forhandlingar. Inntil det blir eit anna vedtak, møter vi med det mandatet som ligg. Det er ikkje stemning i vårt parti for at vi skal begynne å forhandle no, poengterte Sortevik.

Nye folkerøystingar?

Charlotte Skjølberg lufta deretter forslag om ei ny folkerøysting, der ein også inkluderte 16-åringane, som trass alt er framtida. Frå før av er det gjort ei undersøking; kring 300 personar vart ringt opp og bedne om å svare på kva dei meinte. Men Skjølberg poengterte at ei grundigare folkerøysting der alle fekk seie si meining, ville fjerne all tvil.

Senneset meinte at ein burde diskutere saka også i neste formannskapsmøte. Då bestemte ordførar Audun Åge Røys (H) å legge debatten død ein gong for alle:

– Eg meiner vi politikarane er valt av folket, og kan ta denne avgjerda utan fleire folkerøystingar. Eg ser ikkje poenget med ei ny folkerøysting, vi har allereie hatt undersøkingar. Vi avrundar debatten her, og tek ikkje dette vidare til kommunestyret, streka han under.

Kommentarer til denne saken