Etterforskar mistenkeleg dødsfall i Bremanger

Bremanger Fjordhotell har leigd inn flotell for å huse alle leigearbeidarane som er i sving i området for tida.

Bremanger Fjordhotell har leigd inn flotell for å huse alle leigearbeidarane som er i sving i området for tida. Foto:

BREMANGER: Søndag etterforskar politiet eit dødsfall i Svelgen.

DEL

– Det var eit uventa dødsfall, så vi etterforskar det som mistenkjeleg.

Det seier operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt til NRK Sogn og Fjordane søndag ettermiddag.

Til Bergens Tidende seier han at funn på staden gjorde at det var grunn til å undersøke om dødsfallet er straffbart eller ikkje

I ei pressemelding søndag kveld melder politiet at vedkommande blei funnen i sin eigen bustad søndag klokka 14.00.

Det skal ha vore naboar som har funne den avdøde.

Politiet gjer undersøkingar på staden for å sjå om det har skjedd noko spesielt i forkant av dødsfallet. Fleire har blitt avhøyrt av politiet søndag kveld.

Til Bergens Tidende seier Sætre at det er for tidleg å seie om dødsfallet skyldas ei kriminell handling.

Personen skal ha blitt funnet på et overnattingsstad i Bremanger. Det stadfestar dagleg leder, som seier at personen blei funnet på rommet sitt ved 14-tida søndag.

Politiet vil ikkje gå ut med fleire opplysningar før pårørande er varsla.

Artikkeltags