No må davikarane koke drikkevatnet igjen

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

DAVIK: Nytt kokepåbod, berre tre veker etter friskmelding av vassverk.

DEL

Nok ein gong må Bremanger kommune gå ut med oppmoding til davikarane om å koke drikkevatnet sitt.

Seinast 28. september kom sist friskmelding av drikkevatnet frå Hamrefossen vassverk, etter ein periode med ureining.

Onsdag måtte kommunen konstatere at drikkevatnet nok ein gong inneheld ureiningar som gjer det naudsynt med koking.

Kommunen skriv på sine heimesider at ei ny melding vil bli gjeven når vatnet er trygt å drikke att.

Artikkeltags