Bremanger kommune med sine 3846 innbyggarar gav til saman 204.850 kroner, noko som gir eit snitt blant innbyggarane på 53 kroner og 26 øre.

Det betyr at bremangarane har vore rause og kan også tyde på at dei ikkje ser noko gale i at Røde Kors, som var mottakar av årets tv-aksjon, har solid med pengar på bok.

For dei 53,26 kronene kvar bremangar har gitt, ligg faktisk 10,96 kroner over landssnittet, og gir dei ein 10. plass i fylket og ein 158. plass blant dei 429 kommunane vi har her til lands.

- Det var ikkje så stor skilnad på det som vart innsamla i bøssene, ut frå dei åra eg har vore med, det var nok omlag som det brukar å vere. Men det er nok ein del som har gitt på andre måtar, trur Laila Synøve Sande i Svelgen Røde Kors, som legg til at det var mykje folk som ikkje var heime.

- Er det stader i Bremanger der folk er ekstra rause?

- Vi talde ikkje opp bygdene ei for ei, men  indre og ytre vart talde opp kvar for seg. Det var kanskje litt mindre i bøssene frå ytre enn frå indre, men det kan jo ha med å gjere at det er fleire innbyggarar i indre, trur Sande.