Bilulykke i Bortnetunellen i Bremanger

BREMANGER: EIn personbil har krasja inn i ein bergingsbil som dreiv med bilberging.

DEL

Om lag klokka 20 meldte Vest Politidistrikt på Twitter at naudetatane er på veg til Bremanger, etter at ein personbil hadde køyrt inn i ein stilleståande lastebil i Bortnetunellen på fylkesveg 616.

Det vart opplyst at det var to personar i personbilen. Begge framstod som uskadd, men det var veldig glatt på staden , og tunnelen vart stengt inntil vidare.

Litt før klokka 21 melder politiet at brann og ambulanse er framme på staden, men at politiet framleis er på veg.

Dei opplyser også at personbilen som kolliderte krasja inn i ein bergingsbil som allereie dreiv med bilberging.

- Ny bergingsbil er bestilt til denne ulykka. Det er veldig glatt på staden, og vegen er stengt, melder Vest politidistrikt.


Artikkeltags