Tilbyr 160 nye plassar for einslege mindreårige

Unge som ventar på ein stad å bu.

Unge som ventar på ein stad å bu. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Mottaksbedrifter har søkt om å opne asylmottak for einslege mindreårige i Høyanger, Bremanger, Lærdal og Aurland.

DEL

UDI Regionkontor Vest har søkt etter 100 nye plassar for einslege mindreårige asylsøkarar. Det har komme inn elleve tilbod innan fristen. Fire i Sogn og Fjordane, skriv Firda.

Norsk Folkehjelp vil opne mottak i Høyanger og Bremanger. Hero Norge AS vil opne mottak i Lærdal og Lopex Mottak AS vil opne mottak i Aurland. Alle tilbyr 40 plassar.

– Vi søkte etter 100 plassar, og er glade for å ha fått så mange tilbod. Vi er også nøgde med at vi ser nye aktørar på lista, seier fungerande regiondirektør Sissel Mehammer i ei pressemelding.

Førebels går UDI ikkje ut med plassering av mottaka. Først skal tilboda kvalitetssikrast. Truleg er kontraktane tildelt innan 8. juni.

Dei ulike mottaka har oppstartsdato frå 1. juli til 1. september.

Artikkeltags