Kraftverket i Åskåra skal utvidast

Olje- og energiminister Terje Søviknes.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Olje- og energiminister Terje Søviknes. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

SFE har i statsråd i dag fått løyve til å utvide kraftverket i Årskåra i Bremanger.

Tidlegare har Fylkesmannen gått i mot ei slik utbygging, ved at dei ville verne Bredevatna, som ligg nær Ålfotbreen. No skal Bredvatn kraftverk byggast, og Øvre Bredvatn regulerast.

Bygginga inneber at over 50 prosent av tilsiget til Åskåra blir flytta over til Bredvatn kraftverk. Kraftverket vil produsere om lag 275 gigawattimer (GWh) energi. Dette inneber ein netto produksjonsauke på 67 GWh, tilsvarande straumforbruket til rundt 3400 husstandar, heiter det i pressmeldinga frå olje- og energidepartementet (OED).

Eventuelle verknader for landskap og friluftsliv har stått sentralt under konsesjonsbehandlinga, og det var også desse hensyna Fylkesmannen la vekt på ved si fråråding. Men vassdraget er allereie påverka av reguleringar og kraftproduksjonen i Åskåra kraftverk med nettilknytningar i området. Fjellet rundt Bredvatna kan verke urørte, men det går i dag meir vatn enn naturleg i vassdraget på grunn av tidligare reguleringar. Ei utbygging av Øvre Bredvatn vil tilføre nok vatn nedanfor til å gi eit fossepreg over dei spesielle fjellterrassene i landskapet.

- For oss er det viktig at hensynet til landskap og miljø vert ivaretatt ved nye utbyggingar. Verknadane av Bredvatn kraftverk og reguleringa av Øvre Bredvatn for landskap og friluftsliv er vurdert grundig av myndigheitene. Landskapet i området har eit særpreg som ikkje blir forringa ved denne utbygginga, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Ålfotbreen landskapsvernområde, som ligg utanfor utbyggingsområdet, ivaretar dei landskapskvalitetane som er vektlagde for landskap og friluftsliv. Utbygginga vil i svært liten grad påverke det biologiske mangfaldet. Det er ikkje fisk i verken Bredvatna eller Åskorvatnet. Tillaten regulering er 10 meter, og kraftstasjonen vil bli lagd i fjell. Det er ikkje behov for nye vegar i samband med bygging av kraftverket.

Bremanger kommune vil få årlege inntekter gjennom skattar og avgifter. Utbygginga vil medføre lokale næringsinntekter og auka sysselsetting i regionen i form av leveransar av varer og tenester.

Artikkeltags