Gå til sidens hovedinnhold

Bremanger vil lære av Flora

Artikkelen er over 17 år gammel

SVELGEN: Etter å ha opplevd stygge overskridingar i fleire kommunale byggjeprosjekt, vurderer Bremanger kommune no å innføre ei ordning med prosjekthandbok etter mønster frå Flora kommune.

Dette er i alle høve konklusjonen til ei arbeidsgruppe som har drøfta saka utover hausten.

Då saka var oppe på møtet i plan- og utviklingsutvalet tysdag understreka revisor Terje Førde at det ikkje er nok å kjøpe boka og setje Bremanger kommune sin logo på henne. Skal ein følgje opp alt som står i ei slik handbok, vil administrasjonen få mykje å gjere, sa Førde.

Utvalet tok arbeidsgruppa sine møtereferat til etterretning og sender saka vidare til kommunestyret.