Bremanger vil ha steinbrot i Gulestøa

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

SVELGEN: Det hjelpte så lite at SV-representantane ville skåne naturen for inngrep som følgje av ei framtidig etablering av steinbrot i Gulestøa, når resten av kommunestyret var av ei anna oppfatning.

DEL

– I den strategiske næringsplanen til Bremanger står det at vi både skal selje stein og satse på turisme, noko vi meiner ikkje kan sameinast. Vi går difor imot reguleringsplanen for steinbrot i Gulestøa, sa Åse Leirgulen (SV) i kommunestyret tysdag.

– Vi har vore gjennom ein lang og grundig prosess, og eg er overtydd om at den reguleringsplanen som no ligg på bordet, er god. Det er også grunn til å minne kommunestyret på at dette berre er første runde, vi får nye sjansar til å setje vilkår når konsesjonssøknaden skal handsamast seinare, meinte Einar Kjerpeseth (Sp).

– Vi meiner også at dette er ei god løysing, i motsetnad til SV meiner vi bergverk og turisme godt kan sameinast. Sjølv om inngrepet i naturen blir stort og synleg, trur vi ikkje det vil ha innverknad på turismen i området, sa Jorunn Frøyen (H).

Også Kristeleg Folkeparti, Framstegpartiet og Arbeidarpartiet var positive til reguleringsplanen, og Venstre sin representant Ståle Dyrstad, som er næraste nabo til steinbrotet på Dyrstad, meinte at ein kanskje måtte vere viljuge til å knuse nokre egg undervegs, for å få til noko på sikt.

– Vi har i ein startfase hausta dårlege erfaringar på Dyrstad, men eg trur ikkje det blir så verst når vi berre tek tida til hjelp, sa han mellom anna.

Ein ting er likevel sikkert, sjølv om det berre var SV sine to representantar som røysta mot reguleringsplanen i Gulestøa, er ikkje siste ordet sagt i denne saka.

Artikkeltags