Gå til sidens hovedinnhold

Bremanger prioriterer Bortne-Sørdalen

Artikkelen er over 16 år gammel

Bremanger prioriterer vegen frå Bortnen- Sørdalen i sitt framlegg til Norsk veg og trafikkplan.

Bremanger kommune gjev vegen Bortne-Sørdalen, eller andre byggesteget på Bremangersambandet, høgste prioritet når det gjeld forslag til vegprosjekt i Norsk veg- og trafikkplan fram til 2016. Dernest vil kommunen prioritere utbetring av vegstandarden frå Midtgulen, via Svelgen, og vidare mot det nye veganlegget gjennom Sørdalen. Bremanger kommune peikar også på rassikring av Magnhildskaret som eit viktig satsingsområde.