Vil bygge fengsel i Bremanger

(Foto: Dag Nesbø Frøyen)

(Foto: Dag Nesbø Frøyen)

Artikkelen er over 5 år gammel

Investorgruppa Norda Partners ønskjer eit samarbeid med kommunen.

DEL

Med for få fengselsplassar i Norge har regjeringa blitt tvunge til å sjå på alternative løysingar, for å få bukt med fengselskøane. I dag står det kring 1200 personar i kø for å sone, noko verken dei dømde eller samfunnet er tent med.

Investorgruppa Norda Partners AS ønskjer å sjå på moglegheita for eit privat-offentleg samarbeid om å bygge nye fengsel.

- Dette er noko både kommunen og næringslivet kan dra nytte av. Eit fengsel tyder arbeidsplassar, tilflytting, ringverknadar i næringslivet og lokalsamfunnet elles, skriv Tor Blaasmo i Norda Partners i eit brev til Bremanger kommune.

Kommunestyrerepresentant Espen Gulliksen (Ap) meiner tilbodet er interessant.

- Dette er noko vi har diskutert i forskjellige politiske forum tidlegare, med tanke på kva vi kan gjere for å få nye, offentlege arbeidsplassar. Eit fengsel kan gje Bremanger slike viktige, statlege arbeidsplassar, sannsynlegvis også med positive ringverknader til lokalt næringsliv, seier Gulliksen og presiserer:

- Næringslivet vil dra nytte av eit fengsel, med tanke på tilførsletenester, legetenester, reinhald, tannlege og anna. Dette er noko vi i Bremanger kommune må vurdere, i utgangspunktet høyrest det veldig forlokkande ut å kunne halde på, sikre og skaffe nye offentlege arbeidsplassar, seier Gulliksen.

Også Bremanger Høgre er interessert i forslaget.

- Eg meiner at et slikt samarbeid, samt etablering av et fengsel i kommunen, vil vere svært positivt, og noko som kommunen absolutt bør vere positive til, seier Harry Gulestøl (H).

Artikkeltags