Eit drikkevatn friskmeldt, eit nytt sjukmeldt same dag

UJAMN KVALITET: Kokepåbod frå mindre vassverk i Bremanger kommune kjem og går for tida. Akkurat no er det ålfotarane som må koke drikkevatnet sitt.

UJAMN KVALITET: Kokepåbod frå mindre vassverk i Bremanger kommune kjem og går for tida. Akkurat no er det ålfotarane som må koke drikkevatnet sitt.

Av

BREMANGER: Onsdag fekk davikarane friskmeldt drikkevatnet sitt igjen, men same dagen gjekk koke-stafetten vidare til Ålfoten.

DEL

Den 18. oktober påla Bremanger kommune koking av alt drikkevatn frå Hamrefossen vassverk. Det nye kokepåbodet kom kort tid etter ei friskmelding av anlegget som har hatt problem med ureiningar av drikkevatn til davikarane fleire gonger tidlegare.

Denne gongen gjekk det seks dagar før kokepåbodet blei oppheva. Men same dagen, den 24. oktober, var det ålfotarane sin tur: På grunn av funn av ureiningar blei Bråtane vassverk "sjukmeldt", og dette kokepåbodet står til kommunen melder annleis på sine nettsider.

Artikkeltags