Bålforbodet i Bremanger er oppheva

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

BREMANGER: Basert på meteorologane sine meldingar dei komande dagane, kan ein igjen tenne bål.

DEL

Bremanger kommune opphevar forbodet mot bålbrenning. Det er verutsiktene og skogbrann-indeksen som no tilseier at det strenge regimet ein har hatt dei siste vekene, no er over.

Forbodet blir oppheva frå i dag, måndag.

Brannsjefen minner likevel om forobdet mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og mark er ulovleg i tidsrommet 15. april til 15. september, utan først å kontakte kommunen.

Artikkeltags