Snart har øya fått 25 kilometer med fiber. Men det har ikkje mangla på utfordringar for Enivest

ALLE SKAL FÅ: Samtlege som har ønskt seg framføring av fiber på Svanøy vil få tilbodet når Enivest snart nærmar seg sluttføring av Svanøy-prosjektet sitt.

ALLE SKAL FÅ: Samtlege som har ønskt seg framføring av fiber på Svanøy vil få tilbodet når Enivest snart nærmar seg sluttføring av Svanøy-prosjektet sitt. Foto:

SVANØY: Over to mil med fiber på Svanøy åleine. Og fleire hundre kilometer til saman ute i øyane. Men Enivest sitt fiberprosjekt i øyane har vore ei krevjande reise, som dei no snart ser enden på.

DEL

– Eg visste vi ville støyte på utfordringar. Men eg hadde aldri trudd materiellet vi tenkte å bruke, inkludert stolpane skulle vere i så dårleg forfatning.

Slik oppsummerer prosjektansvarleg for fiber til øyane, Johnny Solheimsnes, stoda for breibandsleverandøren Enivest sitt no kraftig forsinka prosjekt med å få lagt fiber til alle øybuarar og næringsdrivande i øygarden utanfor Florø.

Mindre i luft, meir i bakken

– Tanken i prosjektet var jo å utnytte den infrastrukturen som SFE Nett og Telenor har hatt i desse områda frå før av. Men i mange tilfelle har det vist seg vanskeleg, og det har forpurra framdrifta vår.

– Kvifor det?

– Fordi stolpane og anna infrastruktur, er i såpass dårleg forfatning at vi mange stadar har blitt tvinga til å grave og leggje fiber i bakken i staden for i lufta. Det har kosta meir, og det har teke meir tid. Vi skulle jo eigentleg vere ferdig med øyprosjektet for snart to år sidan. Vi veit jo at SFE Nett har utbetringar på gang når det gjeld stolpemateriellet, men det er grenser for kor lenge vi kan vente. Vi ønskjer å forsere fiberprosjektet. Eg må seie det er givande og motiverande å kunne bidra til positiv utvikling for både næringsliv og busetnad i øyane; å faktisk sjå at arbeidet vi gjer har så stor betydning for folk. Så difor har vi gitt gass og satsa på alternative løysingar, framfor å vente og utsetje, seier Enivest-prosjektleiaren.

Status for prosjektet er at det meste er ferdig på Fanøy, på Hovden, Askrova og Reksta. I skrivande stund pågår gravearbeidet for fullt på Svanøy, og også her har Enivest måtta ta grep og endra dei opprinnelege planane.

Skal ikkje belaste kundane

Sjølv om meir bakkekabling både har blitt dyrare og teke lengre tid, så skal ikkje kundane blø av den grunn, lovar Solheimsnes.

– Dette tek vi på vår kappe, slår han fast.

Når «Prosjekt fiber til øyane» er ferdig, vil det vere strekt og lagt fleire hundre kilometer fiber til saman.

– På Svanøy vil alle som har meldt si interesse, få ført fram fiber. På øya totalt sett vil vi ha lagt ein stad mellom 20 og 25 kilometer fiber når vi er ferdige, seier Solheimsnes.

TO MÅNADER: Det er tida Atle Eikevik og Ramsdal Maskin har sett føre seg å bruke på vegopprustinga på Svanøy.

TO MÅNADER: Det er tida Atle Eikevik og Ramsdal Maskin har sett føre seg å bruke på vegopprustinga på Svanøy. Foto:

Sjølve hovudkabelen som er trekt gjennom sjøen og skal gi digitalt liv og kommunikasjon til Svanøy, er for lengst ført fram og ligg forankra på Bruneset, rett nord om Svanøybukt og kaianlegget.

Nye og betre vegar

Men det er ikkje berre dei digitale vegane som blir rusta opp på Svanøy. Parallelt med fiberlegginga skjer det også ei solid oppgradering av den kommunale vegen. Medan gravearbeida for Enivest blir utført av florøverksemda GS Maskin AS, er det Ramsdal Maskin som står for sjølve vegarbeidet.

Maskinførar Atle Eikevik fortel at det er sett av rundt to månader til arbeida med vegutbetringane.

– Vi skal utbetre strekninga mellom Svanøybukt og Norsk Hjortesenter på Kvalstad. Vi skal renske grøfter, skifte stikkrenner og masseutskifte delar av vegen. Så skal vi til slutte gruse opp og klargjere for asfaltering på delar av strekninga, seier Eikevik til Firdaposten.

Arbeidet med asfaltlegging skal no vere ute på anbod.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken