Flora får over to millionar kroner til breibandsutbygging

MEIR BREIBAND: 6,6 statlege millionar utløyser breibandsutbygging for om lag 65 millionar i fylket. Biletet er frå ei tidlegare breibandsutbygging på Leikanger.

MEIR BREIBAND: 6,6 statlege millionar utløyser breibandsutbygging for om lag 65 millionar i fylket. Biletet er frå ei tidlegare breibandsutbygging på Leikanger. Foto:

Av

FYLKET: Over 1.700 nye husstandar i Sogn og Fjordane får no høghastigheits-breiband.

DEL

Om lag 17 statlege millionar og 6,6 millionar frå fylkeskommunen løyser ut til saman om lag 65 mill. kr. til breibandsutbygging i 2018, melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Det betyr at over 1.700 husstandar no kan få breiband med høg kapastitet.

– Dette er særs gledeleg, og det er nok ei stadfesting på at koordineringsjobben vi har gjort gjennom mange år i IT-forum og fylkeskommunen gjer ein skilnad, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim i pressemeldinga.

Det er Firda som først skriv om saka

Nkom-midlar

Midlane frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) løyser ut nye millionar frå både fylkeskommunen, kommunane, innbyggarane og leverandørane. Innbyggjarane i bygdene som no får breiband, bidreg med eigne midlar eller dugnad i den føreståande utbygginga.

Det tyder på at når leverandørane går inn med sin del, fylkeskommunen og kommunane sin og innbyggjarane sin, så skal det no byggjast breiband for over 65 millionar i Sogn og Fjordane. Det er rekna ut at dette gjev 1.717 nye husstandar breiband med god kapasitet.

I staden for at kvar kommune skulle arbeide åleine med å skaffe midlar for sine bygder, har vi samla alle aktuelle kommunar og arbeidd med å førebu og kvalitetssikre satsingane slik at vi skal få mest mogleg finansiert. Dei tildelte midlane går til bygder og område som har dårleg breibandtilbod, og som ikkje er kommersielt lønsame å byggje ut for leverandørane.

– Samarbeidet har fungert svært bra gjennom mange år. Eg trur det er ein avgjerande faktor for at fylket har sikra seg vesentleg meir statlege midlar dei seinare åra, seier Heggheim og gjev honnør til kommunane for det gode samarbeidet.

129,6 millionar siste åra

Fylkestinget vedtok i april 2016 ein ny breibandstrategi for Sogn og Fjordane. Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere godt breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.

Sidan 2014 har Sogn og Fjordane sikra seg 129,6 millionar i nasjonale midlar til bygging av breiband i fylket. Det er klart mest av alle fylke i landet. Fleire kommunar i fylket er no ferdige med fullgodt breiband til alle, men fleirtalet av kommunane har enno att mange husstandar som ikkje har normalt breiband.

– Årets tildeling gjer at vi kjem nærare målet, men det er framleis eit stort behov for vidare utbygging i Sogn og Fjordane, seier Heggheim.

Desse prosjekta får pengar:

KommuneProsjektFinansiering
EidEidsbygda, Nesbygda, Taklo, Strand og HjelmelandsdalenKr. 4 800 000
JølsterHelgheim og sørsidaKr. 1 300 000
FloraFlorapakkenKr. 2 368 000
FørdeSolheimsdalenKr. 1 000 000
SeljeNorpollen – Flister, Barmen/Venøy, Liset, Fløde – Otneim.Kr. 1 400 000
SogndalØlmheim, Slinde, Fimreite og BarsnesKr. 1 950 000
SolundHagefjorden og KråkøysundetKr. 600 000
StrynSunde i Oldedalen til Tistam, og Vikalida – GrønevikKr. 7 725 000
VikSeljadalen, Ovrisdalen og BødalenKr. 2 700 000
SumKr. 23 843 000

Artikkeltags