Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har no bestemt kvar deira statlege løyvingar til breibandutbygging skal fordelast, og 30 av dei 126,5 millionane som blir fordelt på landsbasis, endar opp i Sogn og Fjordane. Det melder fylkeskommunen i ei pressemelding, ifølge Firda.
(Sjå tildelingane nederst i saka).
80 millionar i utbygging
Tidlegare har det blitt klart at det blir utbygt brieband i fylket for 60 millionar, etter at dette var samlesummen som vart trigga av ei Nkom-løyving på 18,5 millionar.
No er Nkom-støtta nær dobla, og løyser ut til saman 80 millionar i statleg støtte til breibandutbygging i 20 kommunar i fylket samla.
25 bygder
Innbyggjarane i dei 25 bygdene som no får eit fullverdig breibandtilbod, må og bidra med eigne midlar eller dugnad i samband med den kommande utbygginga. Dette gjer at leverandørane kan gå inn med sin del, noko som gjer at det vert bygd ut breiband for over 80 millionar kroner i 2017 og 2018.
Følling: – Stort behov
Fylkesordførar Jenny Følling er svært glad for pengane til utbygging av breiband.
– Vi har fått god utteljing takka vere eit godt samarbeid i fylket. Det er stort behov for utbygging av breiband, og med 30 millionar vil mange familiar og bedrifter få breiband, seier Følling i pressemeldinga.
Forskingsleiar i Vestlandsforsking, Ivar Petter Grøtte, som var med i søknadsarbeidet, er samd.
– Fylkeskommunen, IT-forum Breiband og Vestlandsforsking har jobba med denne søknaden i lengre tid. Tildelinga er eit godt eksempel på at når forvaltning, forsking og næringsliv samarbeider, gir det gode resultat, seier han.
Samla ressursar
– Dette viser at samarbeidet har fungert veldig bra, seier Olav Skarsbø, prosjektleiar i fylkeskommunen si næring- og kulturavdeling.
Fylkestinget vedtok i april ein ny breibandstrategi for fylket. Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men han er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.
– Denne tildelinga gjer oss i stand til å komme eit godt stykke vidare. Kommunane i Sogn og Fjordane har i 2014 og 2015 fått over 58 millionar kroner i statstilskot. Med den nye tildelinga på 30 millionar får 1846 nye husstandar eit fullgodt breibandtilbod, avsluttar prosjektleiar Olav Skarsbø.
Sjå kvar utbygginga skjer
Tildelinga i 2016 går til følgjande kommunar og prosjekt:
Kommune | Prosjekt | Støtte frå Nkom |
Aurland | Øvre Flåmsdalen | 600 000 |
Askvoll | Atløy | 1 000 000 |
Balestrand | Lånefjorden | 270 000 |
Flora | Øyapakke 1 og 2 | 3 555 000 |
Førde | Haukedalen | 2 000 000 |
Eid | Vest for Nordfjordeid | 900 000 |
Gaular | Sande – Viksdalen | 1 600 000 |
Gloppen | Byrkjelo Sør og Hope | 1 379 000 |
Gulen | Dingja og Norgulfjorden | 600 000 |
Hyllestad | Hyllestad | 3 180 000 |
Jølster | Eikås | 700 000 |
Lærdal | Erdal | 450 000 |
Luster | Jostedalen Nord | 2 000 000 |
Naustdal | Midtredalen | 1 800 000 |
Selje | Lesto-Salt og Årvika-Honningsvågen | 2 200 000 |
Solund | Nord Solund | 600 000 |
Sogndal | Fjærland | 2 200 000 |
Stryn | Markane – Rand | 3 765 000 |
Vik | Arnafjord | 1 000 000 |
Årdal | Øvre Seimsdalen og Fardalen | 450 000 |
Totalt | 30 249 000 |