- Også mor og far har utbyte av Open dag på brannstasjonen

Ole Petter Sande (t.v.) og Anders Melvær i Flora brannvesen oppfordrar dei vaksne til å bruke den opne dagen på brannstasjonen til noko meir enn å vere følgje for barna sine.

Ole Petter Sande (t.v.) og Anders Melvær i Flora brannvesen oppfordrar dei vaksne til å bruke den opne dagen på brannstasjonen til noko meir enn å vere følgje for barna sine. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Når lokale brannstasjonar køyrer open dag, tenker dei fleste at i hovudsak er artig for ungane. Men saka er at også dei vaksne kan få mykje ut av ein tur innom brannstasjonen.

Les også Ny bil i år, høgdeutstyr neste år

- Har du noko du lurer på i høve brann eller brannforebygging, kan du få svar på det aller meste den dagen. Sæle Assuranse, som samarbeider med IF Forsikring er der, E-trygg er der dersom du lurer på noko som har med elektriske anlegg å gjere, vi svarar sjølvsagt gjerne på spørsmål, og elles møter du både Sivilforsvaret og Røde Kors her, seier brannXXXXXXX Anders Melvær og Ole Petter Sande.

Melvær seier vi gjer ting utan å tenke på brannfaren.

- Til dømes når vi set eit stearinlys i vindauget. Det skal veldig lite til før gardina kjem borti, eller det går i golvet.

Ein annan ting Anders nemner er om det finst rutiner på kva familien skal gjere dersom brannalarmen går. Han fortel at i familien hans har dei avtale om å møtast ved postkassen, dersom dei vaksne er heime når det skjer. Er dei ikkje det, skal ungane melde frå til naboane eller andre vaksne.

- Det er viktig å ha ei slik avtale. Det har hendt så mange gongar at ungar og vaksne har vore på kvar sin stad utan å vite om kvarandre, og så har dei vaksne gått inn igjen i huset for å leite etter ungane medan dei faktisk var trygge. Difor er ei slik avtale kjempeviktig, forklarar Anders.

Sjølvsagt vert det også dei vanlege aktivitetane der ungane kan få køyre brannbil, prøve sløkkingsutstyret og liknande.

Det er Brannvernforeningen, IF, E-trygg og Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap (DSB) som arrangerer den opne dagen på brannstasjonen.

Artikkeltags