Innfører totalforbod mot å gjere opp eld

I pinsehelga braut det ut brannar både på Rota i Florø (bildet), i Stryn og i Gaular. No strammar brannvesenet inn.

I pinsehelga braut det ut brannar både på Rota i Florø (bildet), i Stryn og i Gaular. No strammar brannvesenet inn. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Brannsjefen i Flora og Bremanger strammar inn. No kan du heller ikkje fyre opp grillen i fjøra.

DEL

Det har vore fleire brannar i fylket i løpet av pinsa, og det tørre forsommarveret, kombinert med vind, aukar brannfaren.

No har brannsjefen i Flora og Bremanger innført totaltforbod mot å gjere opp eld utandørs, gjeldande frå 22. mai.

Det betyr at det ikkje er lov å gjere opp eld i skog eller nærleiken av skog og utmark. Der er heller ikkje lov å grille ller brenne bål i strandsona, og heller ikkje å brenne hageavfall.

Statistikken viser at uforsiktig omgang med eld, som til døemes bålbrenning og grilling, er den hyppigaste årsaka til skog- og grasbrannar her i landet.

Totalforbodet som er innført i dag, gjeld heilt til brannvesenet opphevar det.

Artikkeltags