Kraftig grasbrann på Rota

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Like før klokka 18.00 melder politiet om ein kraftig gras og lyngbrann på Rota. Kraftig vind gjer at brannen spreier seg raskt.

Alarmsentralen opplyser at dei allereie klokka 17.03, altså ein time før twittermeldinga frå Politiets operasjonssentral i Bergen kom, fekk melding om brannen.

Klokka 1727 vart bannmannskap mobilisert, med forsterkingar. Og no, klokka 18.30 verkar dei ha kontroll på brannen. Det opplyser Alarmsentralen. Det er ikkje lenger synleg røyk å sjå.

Kollbjørn Øvrebotten, vaktleiar ved alarmsentralen i Florø, fortel til Firda klokka sju at brannen er sløkt. Rundt 500–600 kvadratmeter er svidd av på øya.

– Alt gjekk bra med folk, hus og verdiar. Det var berre lyng og marks som fekk gjennomgå, seier han.

Det er også ein del skog på øya, men brannen nådde ikkje dei.

Brannvesenet veit ingenting om korleis brannen starta.

– Det var ein forbipasserande i båt som melde frå til oss. Vi har inga meining om kva som har skjedd, men politiet har vore på staden saman med brannvesenet. Så må det vere opp til dei å komme til ein konklusjon.

Grasbrann på Rota

Grasbrann på Rota Foto:

Artikkeltags