Hotellbrann-saka i Selje endar i Høgsterett

SVINDELFORSØK: Den 25. november 2016 brann Selje Hotell ned, og brannen viste seg å vere påsett.

SVINDELFORSØK: Den 25. november 2016 brann Selje Hotell ned, og brannen viste seg å vere påsett. Foto:

KRIM: Den tidlegare styreleiaren ved Selje hotell, som vart dømd for medverknad til hotellbrannen i Selje får prøve saka si for Høgsterett.

DEL

Det skriv Sunnmørsposten.

Mannen vart dømd, først i Sogn og Fjordane tingrett, og seinare i Gulating lagmannsrett som ankesak, der han fekk ei fengselsstraff på seks og eit halvt år for å ha medverka til hotellbrannen natt til 25. november 2016.

Ankesaka gjekk føre seg i oktober i 2018. Der gav Gulating lagmannsrett politiet medhald i at styreleiaren var med hotellsjefen då han sette fyr på Selje Hotel i 2016.

Styreleiaren vart også dømd for økonomisk utroskap, og ankeutvalet i Høgsteretten har no bestemt at han får teke opp delen av anka som gjeld straffeutmålinga på seks og eit halvt års fengsel.

Blir dømd til fem og eit halvt år i fengsel for hotellbrannen

Dagleg leiar, styreleiar og aksjeeigar sikta for hotellbrann

Ber fengsla eigarar rive hotellet 

Artikkeltags