Røykutvikling ved Nye Shanghai House

Brann, politi og ambulanse rykte ut til Nye Shanghai House.

Brann, politi og ambulanse rykte ut til Nye Shanghai House. Foto:

Av
DEL

Litt over klokka 1600 fredag fekk brannvesenet melding om sterk røykutvikling frå Nybø-bygget, der nye Shanghai House ligg på hjørnet.

Like før klokka halv fem er dei framleis på staden, saman med politi og ambulanse.

Ingen har komme til skade.

Innehavar Zeng Xiang Wei fortel at dei tilsette sat i eit anna rom og åt då dei høyrde eit smell frå kjøkkenet.

- Vi tenkte berre at vi måtte komme oss ut, seier han, og legg til at han ikkje veit kva årsaka til smellet eller røyken kan vere.

Heller ikkje naudetatane på staden veit førebels kva årsaka til røykutviklinga var.

Når Firdaposten snakkar med politiet laurdag, får vi opplyst at ein sannsynlegvis ikkje kan seie noko om årsaka til hendinga før etter pinse.

Artikkeltags