Brannalarm på Evja

FLORØ: Alarm utløyst i Evjegata.

DEL

Politiet har fått melding om eit mogleg branntilløp i Evjegata i Florø.

Alarmen skal ha gått, og det blir meldt om svilukt frå bustaden. Bebuarane skal ha kome seg ut, melder politiet på twitter like over klokka seks fredag morgon.

Brannvesenet skal no vere på staden, og dei har gått gjennom huset, førebels utan å finne noko teikn til brann.

SISTE: Brannmannskapa har no undersøkt bustaden grundig. Dei kan ikkje konstatere brann nokon stad, og har avslutta aksjonen.

Artikkeltags