Bilbrann ved Docen

bilbrann ved Docen

bilbrann ved Docen Foto:

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Bilføraren fekk så vidt rygga bilen ut frå parkeringsplassen ved Docen i Florø tysdag morgon, før det tok fyr i motorrommet.

– Føraren var snarrådig og byrja sjølv prøve slokke brannen, fortel skadestadsleiar Kjell Magne Barsnes i politiet.

Politiet fekk meldinga om brannen klokka 08.57. Like etter kom brannfolk frå Florø brannstasjon springande med brannsløkkingsapparat, og fekk brannen raskt under kontroll.

Slike bilbrannar kan fort gjere stor skade på andre bilar, men i dette tilfellet stod ikkje lenger bilen parkert tett inntil andre. Skadane vart difor minimale.

Det er for tidleg å konkludere, men mykje tyder på feil i det elektriske anlegget i bilen.

Artikkeltags