Lukta svidd i Markegata

Brannvesenet var kjapt på plass for å sjekke kva som var på gong.

Brannvesenet var kjapt på plass for å sjekke kva som var på gong. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Alarmen gjekk på alarmsentralen klokka 21.55. Det var den automatiske brannalarmen i Telenor-bygget i Markegata som sa frå om at noko ikkje var slik det skulle. Brannvesenet er no på staden og ser kva som er på ferde. Dei kan so langt melde om at det luktar svidd i eit driftsrom, som dei jobbar med å komme seg inn i, men foreløpig veit dei ikkje noko meir om omfanget.

Alarmsentralen fortel at svilukta kom frå det elektriske anlegget, men at det ikkje var snakk om verken røyk eller flamme. Klokka 23.02 er situasjonen avklart utan vidare dramatikk.

Artikkeltags