Huskledning tok fyr på Kleiva

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Søndag kveld tok det fyr i ein husvegg i eit hus på Kleiva i Florø.

DEL

Brannvesenet fekk melding om branntilløpet klokka halv ti søndag kveld og rykte ut i lag med ambulanse. Det kom røyk ut av kledninga på ein vegg, og brannvesenet fekk fjernna noko av kledninga for å få sløkt.

Det var fem personar i bygget då brannen blei meldt, men ingen har kome til skade.

Førebels er det uklart kvifor det byrja å brenne i kledninga på bygget, som til saman har fire leilegheiter over to etasjar.

Artikkeltags