Slukka ulmebrann på Ewos

Brann på Ewos.

Brann på Ewos. Foto:

Måndag førmiddag vart det meld om ein mogleg brann på Ewos-lokala i Gunhildvågen.

DEL

13.50: Alarmsentralen melder klokka 13.50 om ein mogleg ulmebrann på Ewos.

14.24: Det er ikkje røyk å sjå, men brannmannskaper er på staden og jobbar med å få bukt med brannen. Røykdykkarar prøver sløkke ulmebrannen med karbondioksid, fortel vaktleiar Jan Gunnar Holvik.

– Vi vil helst ikkje bruke vatn til å sløkke inni siloane, då blir det berre graut, seier han og stadfestar at sløkkearbeidet fort kan bli langvarig.

15.30: Brannvesenet jobbar framleis med å få kontroll på brannen.

18.00: Brannvesenet har avslutta arbeidet og forlatt staden.

– Alt er under kontroll. Brannvesenet har gjort seg ferdig med arbeidet, brannen er slukka og Ewos har teke over det vidare arbeidet, fortel vaktleiar Jan Gunnar Holvik til Firdaposten.

Artikkeltags