Bil i brann på Evja

Politi og brannvesen vart raskt på pletten då det brann i ein bil på Evja.

Politi og brannvesen vart raskt på pletten då det brann i ein bil på Evja. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Politiet melde på Twitter klokkka 13.51 at ein bil stod i brann på Evja i Florø. Både politi og brannvesen var på staden, men det var ingen fare for folk eller for at brannen skulle spreie seg.

Nokre minuttar seinare vart det meldt at brannen var sløkt. Ingen vart skadd i brannen. Politiet har kontakt med den kvinnelege eigaren av bilen.

- Vi har fått opplyst av eigar at bilen har stått på lading når det skjedde. Men kva som har utløyst brannen vil eg ikkje spekulere i. Det vil den vidare etterforskinga finne ut av. Vi kjem til å ta forklaring frå dei involverte så vi kan konkludere med kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved politiet i Florø.

Artikkeltags