Containerbrann på Elkem

Brann i container på Elkem Bremanger.

Brann i container på Elkem Bremanger. Foto:

DEL

08.20 fekk naudetatane melding om brann ved Elkem Bremanger.

– Vi har fått melding om at det brenn i ein kontainer. Den skal ikkje innehalde farlege stoff, seier operasjonsleiar Morten Rebnord ved Politi Vest til Firdaposten klokka 08.35.

Då var brannvesenet komme fram til staden, og rekna med at dei skal få kontroll på den innan kort tid.

Klokka 09.40 opplyser tenestestadsleiar Espen Gulliksen at brannvesenet har full kontroll.

– Det var liten bruk for meg, konstaterer han.

Gulliksen seier det vil bli ei interngransking, men at årsaka til brannen er for tidleg å seie noko om enno.

Artikkeltags