Brann til grunnen i Svelgen

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Familien som bur der var vekkreist.

DEL

Politi og redningsetatar fekk melding om brann på toppen av Langeneset i Svelgen litt over klokka seks måndag morgon.

Då ein kom fram var huset overtent.

- Huset er totalskadd. No står berre delar av skalet att. Det var heldigvis ikkje folk i huset då det byrja brenne, familien som bur der var på besøk ein annan plass. Brannvesenet har full kontroll på brannen, og er no såvidt i gang med ettersløkking, fortel Stig Holm i brannvesenet i Svelgen.

Det er ikkje fare for at brannen skal spreie seg.

Tips Oss
Tlf. 57 75 73 28 E-post: redaksjon@firdaposten.no SMS/MMS "fiptips" til 2005

Artikkeltags