Utbygging av Brandsøy skule opp i levekårsutvalet

Arkivbilde av Brandsøy Skule og barnehage. Området framfor skulen er no opparbeidd med ein aktivitetspark.

Arkivbilde av Brandsøy Skule og barnehage. Området framfor skulen er no opparbeidd med ein aktivitetspark. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Brandsøy-området er i stor vekst, med mykje bustadbygging og mange barnefamiliar, og no treng skulen meir plass til både barnehagebarn og skulebarn.

Onsdag skal politikarane i Levekårsutvalet ta stilling til ei utbygging av Brandsøy skule til vel 36 millionar kroner. Ei slik utbygging vil gje både større barnehage og fleire klassebasar, og rådmannen håpar at utbygginga kan starte allereie neste år.

Sprengt frå starten

Brandsøy skule og barnehage vart i utgangspunktet planlagt som ein firedelt skule med eige areal til 6- åringane og SFO. Denne strukturen var sprengd allereie då skulen opna i 1994, i og med at Flora kommune ønskte å bruke dei areala som var tiltenkt 6-åringane til barnehage. Seinare har spesialrom blitt brukt til ordinær undervisning.

Med den utbygginga som skjer i opptaksområdet vil det vere behov for ein fulldelt skule i Brandsøy, det vil seie ein skule med 7 eigne klassebasar og tilsvarande spesialrom og fasilitetar for personale og så vidare. Det er også behov for utvida barnehagekapasitet i grenda, heiter det i sakspapira, der ein viser til ein prognose for elevtala som viser at det vil stige frå 80 elevar i skulen i dag til over 100 fram mot 2020/21.

LES OGSÅ: Spenstige Brandsøy feira seg sjølv

Det er tenkt eit eige tilbygg i to etasjar nord for eksisterande inngangsparti, i tillegg til at administrasjonsdelen på loft i eksisterande bygg kan utviklast vidare med arbeidsplassar, møterom og andre funksjonar for både skule og barnehagen. I prosjektet er det også tenkt rehabilitering av eksisterande bygg.

Ligg inne i budsjettet

I budsjettet for 2016 vart det vedteke å greie ut utbygging ved Brandsøy skule- og barnehage. Prosjektet blei lagt inn i porteføljen til Struktur 2020 og ligg i dag inne med ei førebels ramme på 26 millionar 2016-2019. Når det gjeld entrepriseform vil det bli lagt opp til ei entreprise innanfor design- og build-konseptet, som blei brukt ved bygging av Eikefjord skule. Håpet er at ein skal kunne lyse ut konkurranse for utbygginga kommande haust, og at ein då kan sette i gong medio 2018.

Rådmannen konkluderer med at prosjektet truleg vil kunne realiserast innanfor ei ramme på 36 millionar kroner.

Du kan lese alle sakspapira her: Levekårsutvalet

Her frå feiringa av Brandsøydagen i mai 2017.

Her frå feiringa av Brandsøydagen i mai 2017. Foto:

Artikkeltags