Brandsøya får eigen dag

Denne gjengen er klare for å feire bygda si på sjølvaste Krsti Himmelfartsdag!

Denne gjengen er klare for å feire bygda si på sjølvaste Krsti Himmelfartsdag! Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Og det er ikkje lenge til den er her!

DEL

I år, og faktisk allereie i morgon torsdag, skal Brandsøydagen feirast for første gong.

Leiar for komiteen som har stelt i stand, Sven-André Viken seier Brandsøydagen er eit arrangement som skal fremje aktivitet og trivsel i bygda.

Brandsøy aktivitetspark.

Brandsøy aktivitetspark. Foto:

- Vi har mykje gode fritidstilbud her, anten det er organisert eller tilrettelagt som egenorganisert aktivitet. Frivillige lag og organisasjonar har samarbeidd for å lage eit variert program der fysisk aktivitet går igjen som ein raud tråd, fortel han, og ramsar opp: Friluftsgudsteneste på Brandsøyåsen med kafé, formell opning av tredje og siste fase i Brandsøy Aktivitetspark, og barneleikar vert arrangerte i parken i samarbeid med sportsklubben, golfklubben, og hestesportsenteret. I tillegg er motbakkeløpet ÅsenOpp lagt til denne dagen.

Men hovudaktivitetane går føre seg på Brandsøy Skule og Aktivitetspark - her blir det også kafé med både varmt og kaldt.

Viken håpar så mange som mogleg vil legge turen innom arrangementet på Kristi Himmelfartsdag.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken