Her kom den mystiske røyklukta tysdag frå

Folk dyttar ein bil som stod fast medan den bragte vatn til dei frivillige brannmennene som kjempa mot flammane nær Obidos, Portugal, i morgontimane måndag 16. oktober.

Folk dyttar ein bil som stod fast medan den bragte vatn til dei frivillige brannmennene som kjempa mot flammane nær Obidos, Portugal, i morgontimane måndag 16. oktober. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Mange langs heile Nordvestlandet kjende røyklukt tysdag morgon. No har forskarane konkludert med at den stammar frå skogbrannane i Portugal.

DEL

– Vi må berre beklage, og melde at røyklukta på Nordvestlandet ser ut til å skrive seg frå skogbrannen i Portugal, skriv kommunikasjonssjef Christine Forsetlund Solbakken i Norsk institutt for luftforsking (NILU) i ein epost til Firdaposten.

Det var i sekstida tysdag morgon at Rune Nordbotten i Botnane og fleire andre rundt om i fylket i tillegg på Sunnmøre unna seg over ei sterk røyklukt. Kor lukta kom frå var det brei usemje om. Nokre meinte den kom frå lynnedslag. Andre, som Rune Nordbotten, lurte på om den kunne komme frå Portugal.

NILU konkluderte først, ut frå vindretninga, med at lukta truleg stamma frå Irland eller Storbritannia. Men no viser det seg at Rune Nordbotten hadde rett i mistanken sin.

– Vi blei litt nysgjerrige på denne lukta her på NILU, så forskarane Nikolaos Evangeliou og Sabine Eckhardt frå NILUs avdeling for atmosfære og klima sette seg ned og såg på korleis luftstraumane høgt oppe i atmosfæren har rørt på seg dei siste dagane, seier Solbakken.

Ut frå resultata laga dei ein animasjon som viser korleis partiklar frå skogbrannen blei ført med vinden frå 1. oktober til 17. oktober. Den kan du sjå her.

Artikkeltags