Skrekktal for hjortepåkøyrsler i 2017

Hjort i vegkantane i døgrets mørke timar, er eit vanleg syn i fylket vårt. I fjor blei 377 av dei påkøyrde av bil, viser tal frå fallviltregisteret.

Hjort i vegkantane i døgrets mørke timar, er eit vanleg syn i fylket vårt. I fjor blei 377 av dei påkøyrde av bil, viser tal frå fallviltregisteret. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Stadig fleire hjortar døyr eller blir skadde etter påkøyrsler her i fylket.

DEL

Hjorteviltregisteret sine registreringar av påkøyrd hjort i Sogn og Fjordane er dyster lesnad. Medan 2016 enda på rundt 260 påkøyrsler, viser dei ferske 2017-tala at heile 377 dyr blei påkøyrde i året som gjekk.

- Det er lite hyggelege tal, ja. Og dei er nok høgare, for ikkje alle kommunar har rapportert inn alt til registeret enno. Eg fryktar også at mørketala i tillegg er ganske store. Vi har ved fleire høve oppdaga at dyr har blitt påkøyrt, utan at det blir rapportert til politiet. I ein del tilfelle gjeld det påkøyrsler med tungtransport, der sjåførane er utanlandske og kanskje ikkje kjenner godt nok det norske regelverket, seier fagleiar skog i Bremanger kommune, Bjørn Henry Martinussen.

Flest kalvar døyr

I fjor blei det felt rundt 744 hjortar i Bremanger under ordinær jakt. Dermed døyr det nesten halvparten så mange dyr etter påkøyrsler rundtom i fylket, som det blir felt under jakta i Bremanger. I tillegg til dyrevelferdsproblemet, er det også ei stor ressursøyding, konstaterer Martinussen, som trur auka avskyting av kalv kan påverke stoda i positiv retning:

- Vi ser at kalv er overrepresentert ved påkøyrsler. Og at vaksen bukk nesten aldri er involvert i ulukkene. Det i seg sjølv tilseier at vi burde auke andelen vaksne dyr, særleg hanndyr, i bestanden vår. Og skyte meir kalv, legg han til.

Når du køyrer på ein hjort

  • Er du uheldig og køyrer på ein hjort, er du pliktig å varsle.

  • Det gjer du til politiet på 02800, som tek seg av å kontakte kommunale ettersøksekvipasjar for å leite etter, avlive, eller friskmelde dyret.

  • Du kan lette jobben til hundane ved å markere nøyaktig kvar påkøyrslestaden er.

  • Å unnlate å varsle er brot på både vegtrafikklova og lova om dyrevelferd, og du kan bli straffa for det. I tillegg kan du risikere avkorting av erstatninga for bilskadane frå forsikringsselskapet ditt.

69 i Flora og Bremanger

I Bremanger og Flora blei det påkøyrd 69 hjortar i fjor, viser tal frå hjorteviltregisteret. 39 av desse var i Bremanger. Alt blir logga og registrert, og ut frå tal-data kan ikkje Martinussen peike ut noko enkeltområde som meir utsett enn andre.

- Det blir påkøyrt dyr i dei fleste område. Vi ser kanskje ei overvekt i typiske overvintringsområde når det lir utpå seinhausten, til dømes i Botnane. Men det som er eit mønster, er at påkøyrsletala aukar når snøen kjem, legg han til.

Les også: Slik kan du unngå påkøyrsler

Snø = påkøyrsler

Det heng truleg saman med glattare føre, lengre bremsestrekning for bilane, og at snø i liene får dyra til å trekkje nedover mot lågare strøk og dermed bilvegane.

I Bremanger var desember den verste månaden i fjor. Det er også eit mønster i når på døgret dyra blir påkøyrde. I timane frå seks på morgonen til halv ni skjer dei fleste ulukkene. Det er også ein vekst i "rushtida" rundt klokka 17, samt i døgnets siste time, frå klokka 23 til midnatt.

Artikkeltags