Frå fem til tre etasjar for Gartnerihagen

KRYMPAR STADIG: I det siste utkastet til planar for Gartnerihagen, er det ikkje lenger aktuelt å byggje korkje fem eller fire etasjar som på bildet, men derimot tre. Illustrasjon: TAG arkitekter AS/ SKANSKA

KRYMPAR STADIG: I det siste utkastet til planar for Gartnerihagen, er det ikkje lenger aktuelt å byggje korkje fem eller fire etasjar som på bildet, men derimot tre. Illustrasjon: TAG arkitekter AS/ SKANSKA

FLORØ:Ny og krympa plan for omstridd bustadprosjekt.

DEL

1. mars blir ein ny detaljreguleringsplan for det mykje omdiskuterte bustadprosjektet "Gartnerihagen" lagt ut til offentleg ettersyn. Fristen for å kome med merknader er sett til seks veker for bustadprosjektet sør om Storevatnet i Florø, eit prosjekt som har gått mange og lange rundar sidan idéen først kom på bordet for meir enn fem år sidan.

Gartnerihagen hadde opprinneleg bygningar med fem etasjars høgd og var totalt på inntil 150 husvære. Men grunna dels sterke protestar frå naboar i området, med påfølgjande politisk skepsis, har prosjektet gradvis krympa.

Må dempe planane for Gartnerihagen 

I den nye detaljreguleringsplanen er det lagt opp til å kunne byggje sju bygg på til saman inntil 100 bueiningar, og det er teke omsyn til høgd/etasjar på bygningane. No ønskjer utbyggjarane at politikarane skal ta stilling til om tre etasjar som maks kan vere spiseleg. Med nedskaleringa ønskjer dei også å kome naboane i møte, for høgd på bygningane har vore eitt av ankepunkta mot prosjektet. Det er også utført ein solstudie, som viser korleis tilgrensande område vil bli påverka av nybygga når det gjeld tilgang på sol i ulike delar av året.

Planen for korleis Gartnerihagen eventuelt vil sjå ut med tre etasjars bygg, kan du studere på Flora kommune sine nettsider.

Innspelsfrist for reguleringsplanen er sett til 12. april.

Artikkeltags