Endeleg traff dei!

Her ser vi mannskapet på "Bluefin" med ei av størjene vel om bord. Dei fekk 29 no i første omgang.

Her ser vi mannskapet på "Bluefin" med ei av størjene vel om bord. Dei fekk 29 no i første omgang. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

"Bluefin" er på veg til land og lossing i Florø med dei første 29 makrellstørjene.

DEL

I vår blei det kjend at Flora-reiarlaget Nye Bluefin vann loddtrekninga og fekk tildelt 30 tonn av totalkvoten på 52,48 tonn i år. Atle Magne Nekkøy og mannskapet på "Bluefin" starta jakta på makrellstørja tidlegare denne veka, og har helde på nokre dagar utan å klare å lure den lynraske storfisken i nota.

LES MEIR: Startar jakta på makrellstørje

Folket om bord i "Bluefin" har sett ein god del makrellstørje (blåfinna tunfisk), men den har vore mykje i bevegelse og ikkje lett å fange i ei kastenot. 

Makrellstørja kan symje i opp til  50 km/timen, kan krysse Atlanteren på 50 døgn, og kan dykke ned til 1000 meters djup. Det er mykje som skal klaffe når ein fiskar etter størja. Til Dagens Næringsliv seier Steinar Nekkøy på Bluefin at sjansen for at dei skulle klare å få fisk var rundt fifty-fifty. I dag har dei hatt hellet med seg og fått fisk. 29 makrellstørjer er ein god start!

Det er likevel framleis nokre fisk igjen før dei tangerer fangsten til "Hillersøy" frå Bulandet i fjor. Dei leverte 190 fisk til Pelagia i Gunhiildvågen i september i fjor.

Torsdag kveld i 21-tida var "Bluefin" rett sør av Solund på veg nordover.

LES MEIR: No bør dei åpne fisket

Makrellstørje

Blir på engelsk kalla Atlantic bluefin tuna, og er ein av dei tre ettertrakta og truga artane av blåfinna tunfisk.

I periodar har det vore omfattande fiske etter makrellstørje også på norskekysten, men arten har ein periode vore nesten heilt borte frå våre farvatn.

Statistikkar viser at fangsten totalt har vore mellom 1950 og 1993 var ganske stabil mellom 15 000 og 39 000 tonn per år. Fangstane på midten av 1990-tallet var større med ein rekord på 52 785 tonn i 1996. I ettertid er fangstane redusert, og rapportert fangst låg i 2006 på 38 830 tonn og i 2010 berre på 13 036 tonn.

Men statistikkane er ikkje veldig pålitelege og eit estimat viser at biomassen har vorte redusert med mellom 29 og 51 prosent på tre generasjonar (21-39 år)

Makrellstørje har status som sterkt truga på IUCNs rødliste.

Kjelde : Wikipedia

Hillersøy frå Bulandet fekk 190 makrellstørjer under prøvefisket, f.v. Jostein Hillersøy, Fred Willy Rogne, Paul Nordstrand, Steffen Hillersøy, Magnar Hillersøy, Tore Hillersøy og Rune Tistel

Hillersøy frå Bulandet fekk 190 makrellstørjer under prøvefisket, f.v. Jostein Hillersøy, Fred Willy Rogne, Paul Nordstrand, Steffen Hillersøy, Magnar Hillersøy, Tore Hillersøy og Rune Tistel Foto:

Artikkeltags