Blir ryddespesialistar

Artikkelen er over 13 år gammel

SVELGEN: Bygg og Reinholdsservice AS i Svelgen har inngått samarbeidsavtale med Polygon, som er den største og leiande verksemda i Norge innan opprydding etter brann-, vass- og miljøskadar.

DEL

Dette vil gje Svelgen-verksemda fleire bein å stå på, og på sikt vonleg også ein auke i talet på tilsette.

Over heile landet

Polygon har hovudkontor i Oslo, men har avdelingar over heile landet, frå Kristiansand i sør til Alta i nord. Gjennom det store nettverket sitt har Polygon tilgang på spesialkompetanse innanfor alle typar utbetringsarbeid. Arbeidsoppgåvene til verksemda er å stoppe skadeutvikling og føreta utbetringar etter til dømes fukt- og vasskadar, oljeskadar og brannskadar på innbu, lausøyre og bygningar. Dei utfører også oppdrag som asbestsanering og soppsanering, luktbehandling, reingjering av ventilasjonsanlegg og fasadar og rensing av tekniske installasjonar og utstyr.

Viktig avtale

Tysdag var dagleg leiar for Polygon si avdeling i Bergen, Robin Andersen, i Svelgen for å signere samarbeidsavtalen med Bygg og Reinholdsservice AS.

– Denne avtalen er svært viktig for oss. Den vil gje oss fleire bein å stå på, og vil først og fremst vere med på å trygge dei arbeidsplassane vi allereie har her i Svelgen, fortel dagleg leiar i Bygg og Reinholdsservice AS, Leif K. Myklebust.

– Men vi håpar også at avtalen vil styrke verksemda vår i form av auka omsetning, slik at vi på sikt kan tilsetje fleire folk, legg han til.

Kompetanseheving

Det er sonen Bjørgulf Myklebust som har styrt prosjektet og vore pådrivaren i forhandlingane med Polygon, og etter at avtalen er no i hamn, vil Svelgen-verksemda få heile Sunnfjord-regionen som sitt arbeidsfelt. For å kunne møte utfordringane som ligg i avtalen, startar Bygg og Reinholdsservice AS no arbeidet med å bygge opp den interne kompetansen yttelegare, allereie neste veke reiser dei første tilsette på opplæring og hospitering hos Polygon i Bergen, og på heimesida si søkjer dei etter ein ny medarbeidar på administrasjonssida.

– Det er viktig å sikre kvaliteten på tenestene våre, og dei nye arbeidsoppgåvene vil falle godt inn under den servicen vi allereie tilbyr, meiner han.

Artikkeltags